Maskinkrav

NoMeS er utvikla for Windows. Versjon 4.6 køyrer under Windows versjonar frå MS Windows 7 til Windows 10. Det er eit 32-bitars program.

Installasjonspakka til NoMeS er på om lag 20 MB, og programmet tek opp om lag 55 MB på harddisken når det er installert.  Som standard vert NoMeS installert i mappa Programfiler (x86).  

Krav til RAM varierer med bruken, såleis vil store geografiske område med tilhøyrande kart krevja meir minne enn tilfellet er i mindre støysaker. Dei fleste moderne datamaskinene har rikeleg minne. Ta kontakt med oss om du planlegg støyutrekningar for svært store område.