Digitalkart
Bruken av NoMeS er tilpassa import og eksport av digitalkart. Når terrenget er enkelt, eller det er kort avstand mellom støykjelde og mottakar, kan brukaren nytta teikneverktøya i NoMeS til rask modellering av geometri og utrekning av støynivå. Skanna kart kan nyttast som underlag for slik modellering.
Når geometrien er komplisert er det meir naturleg å importera digitalkart for planområdet, i eksisterande og/eller planlagt framtidig situasjon. NoMeS handterer kart både i vektorformat og rasterformat. Døme på aktuelle karttypar er høgdekotekart, reguleringsplanar, situasjonsplanar, utbyggingsplanar, osv. Import av vektorkart som SOSI- og DWG er mest utprøvd, men programmet kan også importera Shape-filer.
Valfrie objekt frå NoMeS, slik som forslag til støyskjermar og utrekna støykotar kan eksporterast for bruk i GIS/DAK-system eller som prosjekteringshjelp i andre fag.
Import av AutoCad/DWG-filer nyare enn 2004-versjon.
For å importera slike filer i NoMeS må desse førebels fyrst lagrast i AutoCad/DWG 2004-versjon, eller eldre. I importen går NoMeS gjennom vektorfila og viser alle lag. NoMeS brukaren kan så velja aktuelle lag for import til NoMeS (t.d. høgdekotar, bygningar og vegar).
Vektorformat
Grunnlagskart i vektorformat er oftast å føretrekkja framfor rasterkart/bilete (JPG-filer, PNG-filer, TIFF-filer, osv.). Dette m.a. fordi vektorfiler oftast er meir presise og reduserer behovet for manuell redigering av grunnlaget.