NoMeS er utvikla gjennom eit skandinavisk akustikkfagleg samarbeid og testing/utprøving over mange år.

NoMeS er utvikla gjennom eit skandinavisk akustikkfagleg samarbeid og testing/utprøving over mange år.

NoMeS, dataprogram for kartlegging og reduksjon av støy

Nordisk metode for støy, NoMeS, er eit verktøy for utrekning av støy frå vegtrafikk og andre lydkjelder utandørs.  ​ NoMeS byggjer på fire felles-nordiske reknemetodar. Kvalitetssikra støydata kan kjøpast eller leggast inn av brukar sjølv.

Ny versjon 4.6 kom sommaren 2018. I tiilegg til andre betringar tek denne versjonen omsyn til endringar i norsk regelverk for skytestøy som Klima- og miljødepartementet innførde i desember i desember 2016.

NoMeS dekkjer fylgjande eksterne lydkjelder:

• vegtrafikk
• skytebanar og skytefelt
• tog, trikk, skinnegåande trafikk
• industri, bygg og anlegg, hamner og motorsport

Programmet kan i tillegg nyttast for andre kjelder med kvalitetsikra emisjonsdata.

NoMeS er i samsvar med offentleg godkjende fellesnordiske reknemetodar.  Programmet er grundig utprøvd og enkelt i bruk. Det kostar lite i kjøp og opplæringstid, men krev at brukaren kjenner faggrunnlaget. NoMeS høver for planleggarar, arkitektar, konsulentar, offentlege etatar og  andre som ikkje treng spesialiserte programpakker.

NoMeS kan løysa enkle rekneoppgåver på enkelt vis, men kan også nyttast til meir komplekse oppgåver.  Databasar kan kjøpast og bruksområde kan utvidast av brukar sjølv. NoMeS-lisensen inneheld ei stegvis brukarrettleiing og hjelpefunksjonar.

NoMeS blir forvalta og vidareutvikla av NoMeS AS ved cand. scient. Inge Hommedal og sivilingeniør Matias Ringheim. Sivilingeniør Tor Ivar Byrkjeland utfører programmeringsarbeidet.