Versjon 4.6

 

Versjon 4.6 inneheld fleire oppdateringar og endringar til dømes når det gjeld

Digitalkart: Import av nyare SOSI format og truleg meir robust handtering av teiksettet i SOSI-filene.

Skytebanar: NoMeS brukar den fellesnordiske reknemetoden for skytebanestøy som grunnlag for databasar og reknemetodikk, NT ACOU 099, Ed.2, 2002. Miljødirektoratet  innførde i desember 2016 nye støykriteria og ny måleeining for planlegging av skytebanar, T-1442 (2016).  Revidert rettleiing er gitt i M128 (aug. 2018) Måleeininga som er innførd er ikkje i samsvar med NT ACOU 099.  NoMeS AS har i versjon 4.6 funne ei løysing der nordiske brukarar av NoMeS kan velja mellom dei to aktuelle måleeiningane, LAImax og LAFmax. M128 presiserer at bortsett frå endringane innført i T1442 skal utrekningane fylgja NT ACOU 099, sjå under.

 

Direktoratet ser på LAImax som eit energiekvivalent nivå og reknar verdiane energimessig om til LAFmax, LASmax og SEL. Det betyr at lydforplantingsverdiane blir uendra når ny måleeining vert nytta.

NoMeS blir brukt på mange typar eksterne lydkjelder.  Eit eige dialogval for skytestøy er difor innført i v 4.6 og under dette eit val mellom LAImax og LAFmax. Valet har berre konsekvensar for resultatpresentasjonen og berre for kartvising. Profilvising viser effekten av ulike lydforplantingsfaktorar - og er altså uavhenging av måleeining her. Tabellvising er ikkje endra, sidan resultata normalt blir eksporterte til rekneark og lett kan korrigerast der.

Kulesmell er handsama på same vis som munningssmell sidan kulesmell ikkje er nemnt i M128.

NoMeS våpendatabasar skal framleis   innehalda LAImax verdiar. Som for andre kjelder gjeld måleeining i databasane som informasjon til brukar, ikkje som grunnlag for omrekning.