NoMeS og skytestøy

Denne informasjonen gjeld for deg som brukar NoMeS til utrekning av støy frå skytebanar. NoMeS brukar den fellesnordiske reknemetoden for skytebanestøy som grunnlag for databasar og reknemetodikk (Ref. NT ACOU 099, Ed.2, 2002) 
 
Det norske Klima- og miljødepartementet  innførde i desember 2016 nye støykriteria og ny måleeining for planlegging av skytebanar, ref. T-1442 (2016). 
 
Måleeininga som er innførd er ikkje i samsvar med NT ACOU 099.  NoMeS 4.6 har ei løysing der nordiske brukarar av NoMeS kan velja mellom dei to aktuelle måleeiningane, LAImax og LAFmax. Miljødirektoratet  reviderte rettleiing M128 som fylgjer T-1442 i august 2018. Når det gjeld andre spørsmål knytt til revisjonen vil me tilrå brukarane å ta direkte kontakt med Miljødirektoratet.

Sjå elles menyval Resultat > Versjon