Skandinavisk samarbeid motiverte norske offentlege etatar og KILDE Akustikk AS til utvikling av NoMeS

Skandinavisk samarbeid motiverte norske offentlege etatar og KILDE Akustikk AS til utvikling av NoMeS

Historisk om NoMeS

Fyrste versjon av programmet vart utvikla og brukt som del av planleggingsarbeidet for NSB Gardermobanen midt på 1990-talet. Samstundes vart det viktig for utvikling av den fellesnordiske reknemetoden for skinnegåande trafikkk i regi av Nordisk Ministerråd. Sidan vart programmet stegvis utvida til å omfatta dei nordiske metodane for industristøy, støy frå skytebanar og vegtrafikkstøy. Det gode akustiske samarbeidet mellom skandinaviske firma og institusjonar i perioden 1975-2000 la grunnlaget for dei solide, fellesnordiske reknemetodane - og for NoMeS.

Noreg var tidleg ute med bruk av digitalt kartverk og etablering av eit nasjonalt kartformat, SOSI. Dette underlaget vart fylgt opp og tilpassa NoMeS kartbruk frå slutten av 1990-talet

Føremålet med NoMeS var heilt frå starten å utvikla eit praktisk, presist og brukarvenleg planleggingsverktøy. Utviklingsarbeidet vart i hovudsak gjort som eit samarbeid mellom offentlege etatar og KILDE Akustikk AS med siviling Tor Ivar Byrkjeland som programmerar. Siviling Matias Ringheim var prosjektleiar for NoMeS i Kilde Akustikk AS fram til 2007 då cand. scient. Inge Hommedal overtok arbeidet.