Metodegrunnlag

Brukarrettleiing og Hjelp i NoMeS er eit supplement til det fellesnordiske metodegrunnlaget

Brukarrettleiing og Hjelp i NoMeS er eit supplement til det fellesnordiske metodegrunnlaget

Eksterne lydkjelder vert modellerte  enten som punktkjelder eller linekjelder.  Stilleståande maskiner og støyskapande utstyr vert rekna som punktkjelder. Er slike kjelder store, vert dei gjerne modellerte som grupper av punktkjelder. Vegtrafikk er den viktigaste kjelda til utandørs støy, og vert handsama som ei linekjelde - ein straum av køyretøy langs vegbanen. Togtrafikk og andre rørlege kjelder fylgjer same rekneprinsipp, men byggjer på eit litt annleis praktisk/teoretisk grunnlag (ref.5, sjå under). Referanse 5 er også nytta som underlag for våpen og andre punktkjelder.

Fellesnordisk metodegrunnlag for NoMeS. Referansar.

1. Nordtest Method NT ACOU 099 Edition 2, Espoo Finland 2002

2. Railway Traffic Noise - Nordic Prediction Method.Tema Nord 1996:524. Matias Ringheim og Hugo Lyse Nielsen. København 1996

3. Road Traffic noise - Nordic Prediction Method. Tema Nord 1996:525. Hans Jonasson og Hugo Lyse Nielsen. København 1996. Norsk utgåve:

4. Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, komplett og forenklet metode, Statens vegvesen håndbok 064. Oslo 2000

5. Environmental noise from industrial plants. General  prediction method. Lydteknisk Laboratorium, tech. report 32, Jørgen Kragh et al, Lyngby. Denmark 1982

Bidrag til databaseunderlaget i  NoMeS:

6. Typekorreksjonar for norske tog. KILDE notat N974, Matias Ringheim. Voss 1999.